/*Menu hide on click outside*/
Published
23. May 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
12. June 2021

Description

Ulstein kommune har ledig tre stillingar for vernepleiar eller miljøterapeut, ei fast og to årsvikariat (svangerskapsvikariat). Stillingane er i avlastning for barn/unge og i avdeling for menneske med utviklingshemming.

For barn/unge har vi heilheitleg teneste der vi arbeider i tverrfaglege team. Teamet arbeider både i skule, avlastning og heim.

Stillingane er i to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg og med langvakter på inntil 14 timar. Det er høve til å arbeide komprimert turnus. Vi treng spesielt tilsette som kan arbeide langvakter.

Ulstein kommune treng også vikarar generelt og søkjarar til stillingane vil, om ynskjeleg, også kunne bli aktuelle for det.


Søknadsfrist:
06.06.2021
Arbeidsgivar:
Helse- og omsorgsetaten
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Vernepleiar eller miljøterapeut
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4394610469
  • Yte praktisk bistand til, rettleie og motivere brukarane
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og interne og eksterne instansar og fagområde
  • Kartlegge brukaren sine behov og lage mål og tiltaksplanar
  • Syte for god kvalitet i den direkte tenesta og medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Ta ansvar for utvikling av eigen arbeidsplass (både fag og miljø) og gjennomføre opplæring og kollegastøtte
Kvalifikasjonar
  • 3-åring vernepleieutdanning. Personar med relevant 3-årig høgskuleutdanning kan også søkje
  • God kjennskap til helse- og omsorgstjenestelova kap. 9
  • Kunne bruke IKT som arbeidsverktøy og arbeide med digitale hjelpemiddel
  • Førarkort klasse B for manuell gir
  • Erfaring med og evne til å legge til rette for god kommunikasjon med menneske i utfordrande livssituasjonar
  • Erfaring eller interesse av å arbeide med menneske med autisme er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig men også trives med teamarbeid
  • Kunne norsk godt, både munnleg og skriftleg og ha gode kommunikasjonsevner
  • Like å arbeide med rutiner og prosedyrar
  • Positiv, engasjert og god rollemodell
  • Rolig, trygg og stødig i utfordrande situasjonar

Ved tilbod om stilling er det krav om at tilfredstillande politiattest vert lagt fram

Vi tilbyr
  • Svært godt arbeidsmiljø
  • Bruk av moderne velferdsteknologi
  • Alternative turnusar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar



Holsekerdalen 24, 6065 Ulsteinvik, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Gunn Hofset
Einigsleiar 2
982 30 612
Aase Djupvik
Einingsleiar 5
481 68 222

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Related Jobs

Produksjonsplanleggar   Norway new
25. July 2021
25. July 2021
25. July 2021
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com