/*Menu hide on click outside*/
Published
10. January 2022
Location
Norway
Category
City
Norway
Deadline
30. January 2022

Description

Kystverket er funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde.

Sjøtrafikksentraltenesta – Vessel Traffic Service (VTS) – er ein internasjonal teneste som i Noreg er drifta av Kystverket for å betre sjøsikkerheit og vern av miljøet i kystsona. Kystverket har ansvar for fem sjøtrafikksentralar; Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og Vardø. Desse overvakar og regulerer skipstrafikken i definerte tenesteområder langs norskekysten døgnkontinuerleg.

Det er no ledig stilling som trafikksentralsjef ved Fedje sjøtrafikksentral. Fedje sjøtrafikksentral vart etablert i 1992 og har som ansvar å overvake og organisere skipstrafikken i farvatnet frå Sognesjøen i nord til farvatnet ved Marstein i sør. Sjøtrafikksentralen har 13 trafikkleiarar med to på vakt til ei kvar tid.

Søknadsfrist:
17.01.2022
Arbeidsgivar:
Kystverket
Stillingstittel:
Trafikksentralsjef
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4460436188
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet ved trafikksentralen og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ansvar for turnusplanlegging/vaktlister
  • Ansvar for trafikksentralen sin del av bygninga
  • Myndigheitsutøving og budsjettansvar
  • Personalansvar for om lag 13 trafikkleiarar
  • Delta i relevante prosjekt
  • Representere Kystverket i relevante fora og inngå i statens aksjonsorganisasjon
  • Du vert ein del av leiargruppa til direktør for virksomhetsområde navigasjonsteknologi og maritime tenester

Lista er ikkje uttømmande

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan maritime offshorefag eller nautikk
  • Ha løyst dekkoffisersertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekkoffisersertifikat klasse 1
  • Nautisk utdanning på høgskulenivå vil være ein fordel
  • Leiarerfaring og erfaring med turnusplanlegging er ein fordel
  • Gode skriftlege og munnlege eigenskapar på norsk og engelsk
  • Gode datakunnskaper
  • Du må gjennomføre og bestå autorisasjonsprøve og nasjonalt tenestebeviskurs som trafikkleiar ved ansettelse
  • Du må bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
  • Gyldig legeattest for sjøfolk. Legeattesten må være gyldig i 18 måneder

Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg. Det er ein føresetnad for å inneha stillinga at det til ei kvar tid finst ei gyldig sikkerheitsklarering for hemmeleg (H). Vi opplyser om at klareringstyresmakt har ein streng praksis ved vurdering av nødvendig tilknyting til Noreg ifm klarering


Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Gode evner til koordinering og gjennomføring av prosessar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Løysningsorientert innanfor rammevilkåra
  • Som tilsett i Kystverket må du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmogligheiter i eit maritimt miljø
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket
  • Arbeidsstad for stillinga er for tida Fedje trafikksentral 1-2 dagar i veka, arbeidsstad utover dette etter nærare avtale
  • Stillinga som trafikksentralsjef er plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar. Stillinga vert lønna frå ltr.70-77. (kr. 650.300 - 752.800), avhengig av kvalifikasjonar. I tillegg kjem skift-tillegg etter Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket


Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.



Fedje, 5947 , Norge

Only registered members can apply for jobs.
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com