/*Menu hide on click outside*/
Published
10. May 2021
Location
Sweden
Category
City
Brevik
Deadline
30. May 2021

Description

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Innan verksemdsområdet for navigasjonsteknologi og maritime tenester finst fire sjøtrafikksentralar. Ein av desse er Brevik sjøtrafikksentral, og det er no ledig to stillingar som tilkallingsvikarar som maritime trafikkleiarar ved denne sjøtrafikksentalen. Stillingane er midlertidige. Brevik sjøtrafikksentral har 13 trafikkleiarar i heilkontinuerleg skift.


Søknadsfrist:
31.05.2021
Arbeidsgivar:
Kystverket
Stad:
Brevik
Stillingstittel:
Tilkallingsvikarar som Maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Brevik
Stillingar:
2
Tilsetjingsform:
Vikariat
Webcruiter-ID:
4383990497
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
  • Maritim trafikkovervaking
  • Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
  • Varslings- og beredskapsoppgåver
  • Sjøtrafikksentralane er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga

Lista er ikkje uttømmande

Kvalifikasjonar
  • Ha løst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
  • Aktuell og allsidig maritim erfaring
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
  • Krav om sikkerheitsklarering må påreknast

Kandidatar som tilsettast må bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest

Testar


  • Dato for test: 8. juni (Sandvika). Vi følgjer FHI sine anbefalingar mtp pandemisituasjonen og smittevern
  • Dato for intervju: 22.juni (Gardemoen/online). Vi følgjer FHI sine anbefalinger mtp pandemisituasjonen og smittevern
  • Engelsk språktest gjennomførast etter at arbeidspsykologisk test er godkjent
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
  • Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjersle
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar
Vi tilbyr
  • Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
  • Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46 - 56, kr. 422.600-498.800
  • Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår
  • Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket

Andre opplysningar


  • Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapsordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha om lag 30 beredskapsvakter pr år
  • Kandidatar må kunne oppgje tre referansar
  • Arbeidsstad for stillinga er for tida Brevik

Vaktplan for Brevik sjøtrafikksentral, se link Vaktplan Brevik juni 2021

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Eksempel på vaktplan :




Strømtangvegen 19, 3950 Brevik, Norge

PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com