/*Menu hide on click outside*/
Published
14. July 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
03. August 2021

Description

Annonsen gjeld stillingar innan reinhald.

Som hovudregel vert ledige stillingar lyst ut med eiga annonse, men vi kan i periodar også ha behov for tilkallingsvikarar eller vikarar for korte periodar og lyser med dette ut annonse for det. Dersom du ønskjer å bli tilkallingsvikar innan reinhald, kan du vise interesse ved å sende oss elektronisk søknad.

Stillingstittel:
Tilkallingsvikar - reinhald
Webcruiter-ID:
4327134853
Reinhald i offentlege bygningar og kommunale bustader.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter reinhaldarar med fagbrev eller personar med erfaring og interesse for reinhald.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på evne til god kommunikasjon, stabilitet og fleksibilitet. Førerkort for personbil er ein fordel.

Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp betyr at Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) tek kontakt med arbeidstakar ved behov for midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9.

Det er UEKF sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i foretaket. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og foretaket står fritt i val av arbeidstakar i det einskilde høve.

Tilkallingsavtalen er ei godkjent arbeidsavtale, og UEKF har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.


Krav til dokumentasjon:

For nokre av stillingane er det krav om politiattest. Tilfredsstillande politiattest skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar vil då skriftleg stadfeste behov for politiattest, før arbeidstakar kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet.

Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år til dokumentasjon er levert og vurdert.

Elektronisk søknadsprosess:
Vi rår til at du lastar opp vitnemål og attestar i portalen. Desse dokumenta vert ein del av den elektroniske søknaden.


Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønsker deg velkommen som søkjar. Til informasjon vil reinhaldsleiaren i UEKF få tilgang til søknaden din.
Om vi ved seinare høve lyser ut ledig stilling som er interessant for deg, gjer vi merksam på at du må sende inn ny søknad til den konkrete stillinga.

Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege
Løn- og arbeidsvilkår er etter gjeldande lov- og avtaleverk





Kontaktinformasjon
Heidi Lunde Øvereng
Reinhaldsleiar
98230691
Torni Fiskaa
personalrådgivar
70017519
torni.fiskaa@ulstein.kommune.no

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Related Jobs

17. July 2021
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com