/*Menu hide on click outside*/
Published
1. April 2022
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Page Views
3

Description

Annonsen gjeld stillingar i Sundgotmarka barnehage og Almejordet barnehage.
Som hovudregel vert ledige stillingar lyst ut med eiga annonse, men vi kan i periodar også ha behov for
tilkallingsvikarar eller vikarar for korte periodar og lyser med dette ut annonse for det. Dersom du ønskjer å bli tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å sende oss elektronisk søknad.
Søknadsfrist:
31.05.2022
Stillingstittel:
Tilkallingsvikar barnehage
Webcruiter-ID:
4503974423

Vi søkjer etter vikarar til alle avdelingar i begge barnehagane. Fagarbeidarar og assistentar.Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
har barnet i fokus og kan legge til rette for god leik
er opptatt av barnets utvikling og trivsel
er ansvarsbevisst
har gode norskkunnskapar
har gode kommunikasjonsferdigheiter
Vi legg vekt på evne til god kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet.Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp betyr at Ulstein kommune tek kontakt med arbeidstakar ved behov for
midlertidig tilsetting, jf. AML § 14-9.
Det er kommunen sitt behov som er utgangspunktet for førespurnaden til arbeidstakaren. Avtalen
inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i kommunen. Arbeidsgjevar har rett til å
inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre, og kommunen står fritt i val av arbeidstakar i det
einskilde høve.
Tilkallingsavtalen er saman med arbeidsplan/vaktliste ein godkjent arbeidsavtale, og Ulstein kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens sine pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon:
For dei fleste stillingar i barnehagen er det krav om politiattest jf. barnehagelova. Tilfredsstillande politiattest
skal vere levert før start i stilling. Arbeidsgivar må skriftleg stadfeste behov for politiattest, før ein kan søke om dette. Det kan vere behandlingstid hos politiet.
Dei som vert tilsett kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon av arbeidserfaring (attest) ved fastsetting av lønn.
Lønnsansiennitet blir satt til 0 år til dokumentasjon er levert og vurdert.
Elektronisk søknadsprosess:
Vi rår til at du lastar opp vitnemål og attestar og eventuelt studentbevis som viser kva studie du tek og kva semester du er inne i, i portalen. Desse dokumenta vert ein del av den elektroniske søknaden.
Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønsker deg velkommen som søkjar her hos oss i Ulstein kommune.
Til informasjon vil styrarane i barnehagane få tilgang til søknaden din.
Om vi ved seinare høve lyser ut ledig stilling som er interessant for deg, gjer vi merksam på at du må
sende inn ny søknad til den konkrete stillinga.
Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Løn- og arbeidsvilkår er etter gjeldande lov- og avtaleverk.Kontaktinformasjon
Cato Hansrud
personalkonsulent
cato.hansrud@ulstein.kommune.noMellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.