/*Menu hide on click outside*/
Published
26. June 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
16. July 2021

Description

Vi har behov for sommar-/tilkallingshjelp som servicevert i kafeen i Ulsteinbadet.
Stillingsbehovet vil kunne endre seg. Muligheit for helgevaktar 1-2 helgar i mnd frå september/oktober.
Arbeidstid er i turnus på dag- og kveldstid, 1-2 helgar pr. månad. Opplæring i juni/juli.


Alle søkjarar må vere fylt 17 år i løpet av året.

Søknadsfrist:
27.06.2021
Arbeidsgivar:
Oppvekst og kulturetaten
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Sommarhjelp - Servicevert
Heiltid / Deltid:
Deltid
Webcruiter-ID:
4405148722

Sal av kafevarer, billettsal og turistinformasjon er eksempel på oppgåver du har som servicevert i Ulsteinbadet.

Ulsteinbadet søkjer serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte personar! Vi søkjer etter deg som har stor
grad av sjølvstende, samstundes som du likar å jobbe i team og har godt humør.
Hos oss er publikum i fokus, vi søkjer difor etter deg som kan yte god service i ein hektisk og spennande
kvardag på Ulsteinbadet. Den rette kandidaten er klar for «å ta i eit tak», har interesse for
kundehandsaming og gjerne erfaring frå tilsvarande arbeidsforhold/-bedrifter.


Kvalifikasjonar
Den rette personen må like kundekontakt, vere sjølvstendig og ansvarsfull, ha godt humør og vere løysingsorientert. Det er ein fordel om du har jobba med kasse og kundebehandling tidlegare, men det er ingen betingelse.
Personlege eigenskapar
Ei utadretta haldning og samarbeidsevne er viktig.
Ordenssans vil bli vektlagt, då det å rydde, fylle på varer og generelt holde kafeen ryddig og innbydande, er ein viktig del av jobben.
Vi tilbyr
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
  • Løn etter gjeldande regulativ



Ulstein Arena, 6065 Ulsteinvik, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
40840900
Leif Per Ringstad
Kultursjef
47301332

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com