/*Menu hide on click outside*/
Published
20. May 2021
Location
Sweden
Category
City
Stranda
Deadline
09. June 2021

Description

Prosjektleiar for omstilling av Geirangerfjorden. Vil du vere med å utvikle miljøtiltak for å styrke og oppretthalde reiselivsopplevinga i området? Vi er på jakt etter ein framoverlent, løysingsorientert, fagleg sterk og strukturert prosjektleiar for ein periode på 3 år. I dette ligg omstillingsarbeidet med å utvikle moglegheiter innanfor reiselivet generelt og heilårsturisme spesielt.

Stranda kommune får årleg besøk av over 900 000 turistar og over halvparten av dei kjem frå regional cruiseturisme nokre få månader om sommaren. Nye maritime miljøkrav til utsleppsreduksjon vil føre med seg betydelege konsekvensar for reiselivet på sjø og land fram mot 2026, samt dei etterfølgande åra.
Verdsarvområdet med Geirangerfjorden vil verte ein spydspiss innan utvikling av klimanøytral maritim ferdsel.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. offentleglova § 25.


Søknadsfrist:

14.06.2021

Arbeidsgivar:

Stranda kommune

Stad:

Stranda

Stillingstittel:

Prosjektleiar

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4391139365


Arbeidsoppgåver
  • Leie utviklinga av omstillingsprogram for reisemålet for å motivere til nysatsing
  • Få fortgang i omstillinga frå sesong- til heilårsturisme og stimulere til meir samarbeid på destinasjonen
  • Koordinere og utvikle reiselivsproduktet i samarbeid med bedriftene og reiselivsaktørane regionalt og nasjonalt
  • Utvikle miljøtiltak for å styrke og oppretthalde reiselivsopplevinga i området i nært samarbeid med Nord Fjordsenter og verdarven Vestnorsk fjordlandskap - det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane
Kvalifikasjonar
  • Erfaring med å utvikle reiselivsstrategi og -produkt i eit regionalt perspektiv
  • Gode ferdigheiter innan prosjektleiing og kommunikasjon
  • Relevant høgare utdanning
  • God nettverksbyggar
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Engasjert og utadvendt
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Stor gjennomføringskraft
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet
  • Godt humør og "stå-på-innstilling"
Vi tilbyr
  • Felksibel arbeidstid etter kommuna sine retningsliner
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP



Øyna 13, 6200 Stranda, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Åse Elin Hole
Rådmann
46411002
Einar Lied
Kommunalsjef
46411004

PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com