/*Menu hide on click outside*/
Published
2. June 2021
Location
Sweden
Category
City
Brevik

Description

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.
Innan verksemdsområdet for navigasjonsteknologi og maritime tenester finst fire sjøtrafikksentralar. Ein av desse er Brevik sjøtrafikksentral, og det er no ledig to stillingar som tilkallingsvikarar som maritime trafikkleiarar ved denne sjøtrafikksentalen. Stillingane er midlertidige. Brevik sjøtrafikksentral har 13 trafikkleiarar i heilkontinuerleg skift.Søknadsfrist:
16.06.2021
Arbeidsgivar:
Kystverket
Stad:
Brevik
Stillingstittel:
Maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Brevik
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4399295572
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
Maritim trafikkovervaking
Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
Varslings- og beredskapsoppgåver
Sjøtrafikksentralane er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga
Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
Ha løst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
Aktuell og allsidig maritim erfaring
Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
Krav om sikkerheitsklarering må påreknast
Kandidatar som tilsettast må bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
Testar
Dato for test: 24. juni (Sandvika). Vi følgjer FHI sine anbefalingar mtp pandemisituasjonen og smittevern
Dato for intervju: 29.juni (Gardemoen/online). Vi følgjer FHI sine anbefalinger mtp pandemisituasjonen og smittevern
Engelsk språktest gjennomførast etter at arbeidspsykologisk test er godkjentPersonlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjersle
Fleksibel og løysningsorientert
Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiarVi tilbyr
Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46 - 56, kr. 422.600-498.800
Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår
Ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket
Andre opplysningar
Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapsordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha om lag 30 beredskapsvakter pr år
Kandidatar må kunne oppgje tre referansar
Arbeidsstad for stillinga er for tida Brevik
Vaktplan for Brevik sjøtrafikksentral, se link Vaktplan Brevik juni 2021
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.
Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.
Strømtangvegen 19, 3950 Brevik, Norge

Apply
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

19. June 2021
18. June 2021
Utvecklare   Sweden new
17. June 2021
17. June 2021
17. June 2021
Are you sure you want to delete this file?
/