/*Menu hide on click outside*/
Published
2. July 2021
Location
Norway
Category
City
Stavanger
Deadline
22. July 2021

Description

Maritim leiarstilling med fokus på tekniske løysingar og prosessar

Seksjonsleiar for produksjonsstøtte ved Kartverkets sjødivisjon

Søk på stillinga



Vi har ledig stilling som seksjonsleiar for produksjonstøtte. Seksjonen har ansvar for drift, utvikling og vedlikehald av fag- og produksjonssystema til sjødivisjonen, til dømes vasstandsmålarar, utstyr på målebåtane, produksjonsdatabasar og -system. Vi har eit utvida ansvar for vidareutvikling og effektivisering av tekniske løysingar og prosessar både i avdelinga og i heile divisjonen. Stillinga inngår i leiargruppa i produksjonsavdelinga og rapporterer til avdelingsdirektør.

Kartverket ved sjødivisjonen leverer tradisjonelle kartprodukt, informasjon om vasstand, terrengmodellar og vidareforedla produkt. Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er ein del av ansvarsområdet vårt.

Kartverket er i fremste rekkje internasjonalt i bruk av innovativ teknologi, og kartprodukta våre held eit særs høgt nivå. Vi har vunne pris for verdas beste sjøkart i den internasjonale kartografikonkurransen to gonger på rad.

Kartverkets sjødivisjon har om lag 120 tilsette med ein spennande og mangfaldig bakgrunn. Arbeidsstad er Stavanger.

Stillinga krev at du må kunne tryggleikklarerast.

Søknadsfrist:

09.08.2021

Arbeidsgivar:

Kartverket

Stad:

Stavanger

Stillingstittel:

Seksjonsleiar produksjonsstøtte

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4405155126


Arbeidsoppgåver
  • Leia og organisera arbeid innan seksjonen, medrekna økonomi- og personalansvar
  • Leia og utvikla seksjonen i samsvar med mål, strategiar og budsjett
  • Delta i og leia samarbeid med andre seksjonar, avdelingar og eksterne
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå innanfor relevante fag (hydrografi/kartografi, GIS og/eller geomatikk/geodesi, geodata, informasjonsteknologi, informasjonssystem, instrumentering/sensorar o.l.). Minimum bachelorgrad eller tilsvarande.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delvis manglande formell kompetanse
  • Minimum 10 års arbeidserfaring, gjerne innanfor instrumentering, sjømåling, prosessering, produksjonsprosessar og/eller FOU og innovasjon
  • Gode kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring som prosjektleiar, teamleiar
  • Erfaring med leiing i statleg verksemd
  • Sertifisering innan PRINCE2 eller liknande
  • Kommersiell forståing og erfaring frå kontraktsarbeid
  • Samhandling med internasjonale leverandørar
Personlege eigenskapar
  • Vera løysingsorientert og strategisk
  • God evne til planlegging og gjennomføring
  • Utviklingsorientert og endringsvillig
  • Evne til å motivera og engasjera
  • Gode samarbeidsevner, vera ein lagspelar
Vi tilbyr
  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Gode høve for kompetanseutvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Stillinga blir løna som seksjonssjef, frå kr 680 000,- til 780 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse


Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.




Professor Olav Hanssens vei 10, 4021 Stavanger, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
John Kåre Klippen
avdelingsdirektør
918 18 261

Kartverket dekkjer Noregs behov for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmyndigheit for heile landet.

Hovudkontoret ligg på Hønefoss. I tillegg har vi 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, samt eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

I Kartverket legg vi vekt på tydelege retningsval, gode arbeidsvilkår, kompetanseutvikling og karrieremoglegheiter.
Kjerneverdiane våre er: Inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.

Related Jobs

The Well søker massør   Norway new
25. July 2021
25. July 2021
Produksjonsplanleggar   Norway new
25. July 2021
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com