/*Menu hide on click outside*/
Published
22. September 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
12. October 2021

Description

Vil du vere vår danselærar til januar 2022?

Ulstein kulturskule har 500 elevplassar, der 151 er elevar frå 6 til 18 år innan klassisk ballett og jazz/mix dans. Meir info her: https://www.ulsteinkulturskule.no/framside

Kulturskulen har tilbod innan musikk, dans og kunstfag, og er eit lokalt ressurssenter med tilbod til born, unge og frivilleg musikkliv. Kulturskulen skal bidra til ein god oppvekst for barn og unge i kommunen, ved å vere ein arena for læring og livsmestring.

Stillingsprosent er ikkje absolutt, men inntil 80% er aktuelt. Undervisinga foregår tysdag til torsdag i dansesalen på Reiten. Tiltreding snarast mogleg etter søknadsfrist.

Ta kontakt med rektor dersom du lurer på noko eller har spørsmål om fleksibilitet i stillinga.

Søknadsfrist:
30.09.2021
Arbeidsgivar:
Oppvekst og kulturetaten
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Lærarvikar - danseundervising
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
80
Webcruiter-ID:
4433697947
  • Undervisning i klassisk ballett og jazz/mix. Andre danseformer kan diskuterast
Kvalifikasjonar
  • Kompetanse innan dans og undervising. Utøvande og/eller pedagogisk/formell utdanning.
Personlege eigenskapar
  • Evne til å skape læringsmiljø med fokus på trivsel, tryggheit og samhandling
  • Evne til å skape gode formidlingsopplevelsar
  • Evne til å stimulere elevane sin indre motivasjon, engasjement og arbeidsdisiplin
  • Kreativ
Vi tilbyr
  • Eit profesjonelt læringsfellesskap som er kvalitetsbevisst og utviklingsorientert
  • Ei elevgruppe med stort engasjement for dans, og som har jobba systematisk med grunnleggande ferdigheiter

Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.




Reiten, 6065 Ulsteinvik, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Julianne Hauge
Rektor
41651207

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com