/*Menu hide on click outside*/
Published
10. June 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik

Description

Sjøborg kino er ein moderne kino lokalisert i Sjøborg kulturhus, som er samlokalisert med Quality Hotel
Ulstein.
Kinoen har ein sal med 120 stolar, eigen kiosk, framsyningar kvar dag og eit årleg besøk på kring 30.000.
Leiar for kinoen er kinosjef i halv stilling. Kinoen har fleire deltidsstillingar knytt til kiosk/billettsal og
kinoteknisk personale.
Frå august har vi behov for vikarar til billett- og kiosksal, samt teknisk personale. Opplæring i juli/august.
Stillingsbehovet vil kunne endre seg. Faste stillingar kan bli aktuelt.
Arbeidstid er i turnus på kveldstid, 1-2 helgar pr. månad og inntil to kveldar pr. veke. Stillingsstørrelse vil
kunne variere, men med fast turnus (etter nærare avtale). Skriv gjerne i søknaden kor mykje du kan tenke
deg å jobbe og om du søker på stilling i kiosk eller kinoteknisk.
Alle søkjarar må vere fylt 17 år i løpet av året.
Søknadsfrist:
20.06.2021
Arbeidsgivar:
Oppvekst og kulturetaten
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Kinomedarbeidar

Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
40
Webcruiter-ID:
4400451226
Startdato:
02.08.2021Sjøborg kino søkjer serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte personar! Vi søkjer etter deg som har stor
grad av sjølvstende, samstundes som du likar å jobbe i team, har godt humør og interesse for film og kino.
Hos oss er publikum i fokus, vi søkjer difor etter deg som kan yte god service i ein hektisk og spennande
kvardag på vår kino. Den rette kandidaten er klar for «å ta i eit tak», har interesse for data og
kundehandsaming og gjerne erfaring frå tilsvarande arbeidsforhold/-bedrifter. Vedkomande må også
vere motivert for å arbeide i ei bedrift som har ope når andre har fritid.Kvalifikasjonar
Kinoteknisk personale: Den rette personen innanfor teknikk/filmframsyning må være teknisk interessert
og ha gode datakunnskapar. Arbeidet passer for deg som har interesse for data og film, er ansvarsfull, pålitelig og ein "stå på" person.Kiosk/billett: Den rette personen må like kundekontakt, vere sjølvstendig og ansvarsfull, ha godt humør og vere løysningsorientert. Det er ein fordel om du har jobba med kasse og kundebehandling tidlegare, men det er ingen betingelse.
Personlege eigenskapar
Til begge stillingar er ei utadretta haldning og samarbeidsevne viktig.
Ordenssans vil bli vektlagt, då det å rydde etter framsyningane, fylle på varer og generelt holde kinosal,
foajee og kioskareal ryddige og innbydande, er ein viktig del av jobben.
Vi tilbyr
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Løn etter gjeldande regulativSjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norge
Opne vegbeskriving
Ulstein Arena
6065 Ulsteinvik
Norge
Opne vegbeskrivingKontaktinformasjon
Kristine Brungot
Kinosjef
48259087
Leif Per Ringstad
Kultursjef
47301332Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Apply
Drop files here browse files ...
Captcha
Are you sure you want to delete this file?
/