/*Menu hide on click outside*/
Published
29. June 2021
Expires
19. July 2021
Location
Sweden
Category
City
Stranda
Page Views
0

Description

Forretningsutviklar for omstilling og utvikling av reiseliv i Stranda kommune. Vil du vere med å utvikle miljøtiltak og infrastruktur for å styrke og oppretthalde reiselivsopplevinga i området Stranda kommune? Vi er på jakt etter ein framoverlent, løysingsorientert, fagleg sterk og strukturert forretningsutviklar for ein periode på 3 år. I dette ligg omstillingsarbeidet med å utvikle moglegheiter innanfor reiselivet generelt og heilårsturisme spesielt.
Stranda kommune får årleg besøk av over 900 000 turistar og over halvparten av dei kjem frå regional cruiseturisme nokre få månader om sommaren. Nye maritime miljøkrav til utsleppsreduksjon vil føre med seg betydelege konsekvensar for reiselivet på sjø og land fram mot 2026, samt dei etterfølgande åra.
Verdsarvområdet med Geirangerfjorden vil verte ein spydspiss innan utvikling av klimanøytral maritim ferdsel.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. offentleglova § 25.
Søknadsfrist:
19.07.2021
Arbeidsgivar:
Stranda kommune
Stad:
Stranda
Stillingstittel:
Forretningsutviklar

Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Engasjement
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4408777893Arbeidsoppgåver
Leie utviklinga av omstillingsprogram for reisemålet for å motivere til nysatsing
Få fortgang i omstillinga frå sesong- til heilårsturisme og stimulere til meir samarbeid på destinasjonen
Koordinere og utvikle reiselivsproduktet i samarbeid med bedriftene og reiselivsaktørane regionalt og nasjonalt
Utvikle miljøtiltak for å styrke og oppretthalde reiselivsopplevinga i området i nært samarbeid med Nord Fjordsenter og verdarven Vestnorsk fjordlandskap - det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane
Gjennomføre intensjonane i forprosjekt "Det store bildet"Kvalifikasjonar
Erfaring med å utvikle reiselivsstrategi og -produkt i eit regionalt perspektiv
Gode ferdigheiter innan prosjektleiing og kommunikasjon
Relevant høgare utdanning
God nettverksbyggar
Må beherske norsk både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskapar
Engasjert og utadvendt
Kreativ og løysingsorientert
Stor gjennomføringskraft
Gode samarbeidsevner
Stor arbeidskapasitet
Godt humør og "stå-på-innstilling"Vi tilbyr
Felksibel arbeidstid etter kommuna sine retningsliner
Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLPØyna 13, 6200 Stranda, Norge
Opne vegbeskrivingKontaktinformasjon
Åse Elin Hole
Rådmann
46411002
Einar Lied
Kommunalsjef
46411004