/*Menu hide on click outside*/
Published
24. November 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
13. December 2021

Description

Frå 01.07.2022 har vi ledig heimel for fastlege.

Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar, der 9 av desse pr i dag er ferdige spesialister i almennmedisin. I tillegg har vi LIS 1 lege.

Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal nattlegevakt med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.
Søknadsfrist:
16.01.2022
Arbeidsgivar:
Ulstein kommune
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Fastlege
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Anna
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4453945320
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
  • Listestorleik på 800. Denne kan utvidast og det er god pasienttilgang
  • Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
  • Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin
  • Søkjarar som er under eller vil starte utdanning til spesialist i allmennmedisin er også velkomne til å søkje.
  • Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort

Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5

Personlege eigenskapar

Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.

Ved tilsetting må du kunne legge fram ny politiattest.

Vi tilbyr

Vi tilbyr praksis ved eit stort legesenter med sterk fagleg kompetanse og godt kollegialt felleskap. Legesenteret er attraktivt og vi har godt renomme i området.

Vi har om søkt sentralt tilskot for næringsdrivande ALIS og kan tilby ALIS-avtale. Kommunen har godkjent utdanningsplan etter ny ordning og vi har vegleiar som er kursa for dette.

Listestorleik og kommunal stilling kan endrast etter avtale.

Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.




Sjøgata 3, 6065 Ulsteinvik, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Michael Dahl
Dagleg leiar ved Ulstein legesenter
70018989
Norunn Kirkebø Elde
Kommuneoverlege
92802357

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Apply
Drop files here browse files ...
Captcha
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com
Are you sure you want to delete this file?
/