/*Menu hide on click outside*/
Published
26. April 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Deadline
16. May 2021

Description

Hareid og Ulstein brannvesen har ledig deltidsstilling som brannkonstabel ved Hareid brannstasjon.

Brannsjefen er din næraste overordna og du vil samarbeide med anna personell i brannvernet. Du må bere personsøkjar/radio. Møter, kurs og planlagde øvingar kan skje på ettermiddag og kveld. Stillinga er på 1,68% i tillegg til turnus med heimevakt 4.kvar veke.

Søknadsfrist:
10.05.2021
Stillingstittel:
Brannkonstabel
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Webcruiter-ID:
4381385852

Vanlege arbeidsoppgåver som brannkonstabel er utrykking til brann- og redningsoppdrag der du mellom anna vil arbeide med sløkking av brann, røykdykking, frigjering ved ulykker og sikring av ulykkesstader. Vi assisterer andre naudetatar ved behov, og kan også bli kalla ut til andre samfunnsnyttige oppdrag.

Kvalifikasjonar

Du må:

  • ha god helse og oppfylle dei fysiske krav som er sett for røykdykkar.
  • gjennomgå helsekontroll med tilfredsstillande resultat, etter fastlagd frekvens.
  • kommuniserer godt og meistre norsk munnleg.
  • ha førarkort klasse B.
  • kunne gjennomføre naudsynt opplæring og pålagde kurs.
Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • fungerer godt i team og som samarbeider godt med andre.
  • er initiativrik og påliteleg.
  • viser positive haldningar i og engasjement for arbeidet.


Avstand mellom bustad/arbeidsstad og Hareid brannstasjon vert vektlagd.

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • intern- og fagopplæring etter fastsette læreplanar.
  • interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • løn etter gjeldande avtalar.
  • kompensasjon for bæring av personsøkjar/radio.



Rådhuset, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Olav Helt Brubakk
Brannsjef
99017068

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com