/*Menu hide on click outside*/
Published
10. May 2021
Expires
30. May 2021
Location
Norway
Category
City
Norway
Page Views
0

Description

Org. nr: 974571188 Stillingsident: 4389820590 Presentasjon av stillingen:

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Arbeidsoppgåver
Måløy vidaregåande skule har utdanningsprogrammet Vg1 TIF og Vg2 Maritime fag. Stillinga vil omfatte undervisning i programfag på Vg2 Maritime fag - maskin og dekk.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4

Kompetanse innan programområdet maritime fag, motormann

Relevant fagbrev i eitt eller fleire fagområde

Teoretisk utdanning på fagskule eller høgskulenivå

Praksis frå fagområdet.

Bestått praktisk pedagogisk utdanning (PPU-Y). Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.

Erfaring frå undervisning.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer personar som er utviklingsorienterte og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg gode samarbeidsevner for å nå felles mål. Vi ønskjer kollegaer som har eit positivt elevsyn, som har gjennomføringsevne, som er reflekterte og som viser kreativitet.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.

Gode forsikrings - og pensjonsordningar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Knut Olav Bjørnholm, avdelingsleiar, 93207172
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 9109

6718 Deknepollen
Søk på stillinga: Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4389820590

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.05.2021