/*Menu hide on click outside*/
Published
16. October 2021
Expires
5. November 2021
Location
Sweden
Category
City
Ålesund
Page Views
6

Description

Kystverket skal ta inn statslosaspirantar frå tentativt 22.august 2022 for tiltreding i Lostenesta, Kystverket.
Lostenesta er ei eiga driftseining i Kystverket og er inndelt i sju losoldermannskap. Lostenesta leverar Lostenester 24/7, 365 dagar i året og losane inngår i ei turnusordning tilknytt ein losstasjon innanfor eit losoldermannskap. Behovet for lostenester varierer med trafikkbiletet, vêrsituasjon og andre faktorar – dette inneber at ein også utanfor vaktperiodar får tilbod om å arbeide, noko som igjen tilseier at geografisk nærleik til stasjonen er å føretrekke.
Nøyaktig fordeling av aspirantar og antal til dei enkelte Losoldermannskap vil avgjerast ila rekrutteringsprosessen. Kandidatar bes formidle via søknad ønska tenestestad, men det vil til ei kvar tid vere Lostenesta sitt operative behov som styrer bemanninga innanfor dei ulike losoldermannskapa.
Søknadsfrist:
22.11.2021
Arbeidsgivar:
Kystverket
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Statslosaspirantar 2022
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4439377351
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
Lose fartøy etter tilvising frå losformidlinga.
Delta med losfagleg kompetanse i farledsbevisordninga og utredningsarbeid i Kystverket ved høve.
Statslosen skal på oppdrag frå leiar også løyse andre oppgåver der det er behov for losfagleg kompetanse.
Lista er ikkje uttømmande.KvalifikasjonarFor å kunne bli tilsett som statslosaspirant, må søkjaren fylle følgjande minstekrav:
Sertifikat med rett til å vere overstyrmann på skip, uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde,
Fullført eksamen med rett til å vere skipsførar på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde,
Minimum 3 års fartstid, inkludert fartstid i løpet av dei fem siste åra som ansvarshavande vaktoffiser på bru eller overstyrmann på eit sjøgåande farty med ei lengd på 50 meter eller meir, eller tilsvarande sjømilitær fartstid i tilsvarande stillingar på samanliknbart farty. Med fartstid meinast det same som i den til ein kvar tid gjeldande forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk. Kystverket kan dispensere frå kravet til fartstid når tenestlege omsyn tilseier det.
Norsk munnleg og skriftleg, og engelsk språk tilstrekkeleg for problemfri kommunikasjon.
Varierande fartstid, på ulike fartøystypar med ulike grader av hjelpemiddel (framdrift, thrustere), erfaring som leder/kaptein og nyleg teneste til sjøs er ønskeleg.
Vise god kunnskap og forståing for maritime operasjonar, både navigasjon og manøvrering.
Det er ein føresetnad for å inneha stillinga at det til ei kvar tid finst ei gyldig sikkerheitsklarering for hemmeleg (H). Vi opplyser om at klareringstyresmakt har ein streng praksis ved vurdering av nødvendig tilknyting til Noreg ifm klarering.
Godkjend helseerklæring for losaspiranter utskrive av autorisert sjømannslege er eit krav for tilsetting.
Prøvetida er den samme som opplæringstida fram til siste beståtte deleksamen, jf statsansatteloven § 15 nr 6. Vilkåra for tilsetting som statslos er bestått eksamen og aktuelle kurs gitt i aspirantperioden, samt at aspiranten blir sikkerheitsklarert.
Sjå «forskrift om opplæring og sertifisering av loser" og "forskrift om helseundersøkelse av loser og losaspiranter".
Det vil bli gjennomført testar og intervju som ein del av tilsettingsprosessen. Aktuelle kandidatar vil få tilsend meir informasjon om testar og gjennomføring. Desse kandidatane må på førespurnad kunne legge fram helseerklæring for losaspirantar utskrive av autorisert sjømannslege, bekrefta kopiar av navigatørsertifikat, fartsoppgåve og vitnemål. Desse skal ikkje sendast med søknaden.
Tilsende testar er meinte for å seia noko om i kva grad du har potensiale for å bestå dei faktiske testane seinare i testforløpet, og dei er ein av faktorane i ei totalvurdering. Bakgrunnen og erfaringa til kandidaten er andre faktorar for i kva grad ein får moglegheit til å komme på vidare testar og intervju.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheter.
Samvitsfull og pålitelig i utføringa av sitt arbeid.
Gode evner til å observere, analysere, resonnere og treffe korrekte slutningar.
Gode evner til å bygge tillitsfulle relasjonar og opplevast sosialt sikker.
Evner å arbeide både sjølvstendig og i team.
I tilsettinga vil vi i tillegg til formelle kvalifikasjonar, legge vekt på ønskjelege personlege eigenskapar, oppnådde testresultat og samansetning av geografisk tilhøyring.
Vi tilbyr
Opplæring som statslosaspirant etter utdanningsplan for statslos.
Søkjarar som etter bestått opptaksprøve blir tekne opp som statslosaspirant, vil først få ei teoretisk opplæring på Kystverkets Hovudkontor i Ålesund, og deretter teoretisk og praktisk opplæring ved den stasjonen der dei skal arbeide. Det må påreknas ei høg arbeidsbelastning og reiseverksemd på den enkelte i denne perioden. Då sertifikatkrava er ulike avhengig av losoldermannskap så varierar også opplæringstida, nokre stader tek det opptil 15 månadar før både deleksamen 1 og 2 er bestått.
Ein tek sikte på at 1. deleksamen blir halden etter omtrent 6-7 månadar med opplæring. Bestått første deleksamen gir eit avgrensa lossertifikat.
I opplæringstida fram til bestått 1. deleksamen vil statslosaspiranten vere tilsett som statslosaspirant. Det vil bli utbetalt løn etter lønsregulativet til staten og etter gjeldande særavtale for statslosar og statslosaspirantar, stillingskode 1335, - lr 12. alt 21, for tida ltr. 44, kr 419.600,- brutto pr år.
Etter bestått 1. deleksamen tilsettast statslosaspiranten som statslos. Det vil bli utbetalt løn etter lønsregulativet til staten og etter gjeldande særavtale for statslosar og statslosaspirantar, stillingskode 0111, for tida ltr. 46, kr 431.900,- brutto pr år. I tillegg utbetalast løn etter gjeldande særavtale for statslosar og statslosaspirantar.
Det tas atterhald om at statslosen ikkje kan pårekna overføring eller tilsetting i anna losoldermannskap før etter 3 år frå første deleksamen, og då i tråd med Lostenesta sine operative behov.
God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss.
Vi oppfordrar til at de legg flid i søknaden då det erfaringsmessig er høge søkartal på desse stillingane, eksempelvis er det veldig ønskelig at de beskriv fartøy (navn) / fartøystypar / dimensjonar ved oppsummering av erfaring.