/*Menu hide on click outside*/
Published
23. November 2021
Expires
13. December 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Page Views
5

Description

Frå 01.07.2022 har vi ledig heimel for fastlege.
Fastlegeheimelen er lokalisert til Ulstein legesenter som er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar, der 9 av desse pr i dag er ferdige spesialister i almennmedisin. I tillegg har vi LIS 1 lege.
Ulstein kommune har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal nattlegevakt med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. Det er pliktig deltaking i legevakta.Søknadsfrist:
16.01.2022
Arbeidsgivar:
Ulstein kommune
Stad:
Ulsteinvik
Stillingstittel:
Fastlege

Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Anna
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4453945320

Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer
Listestorleik på 800. Denne kan utvidast og det er god pasienttilgang
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagtKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
Godkjent utdanning som spesialist i allmennmedisin
Søkjarar som er under eller vil starte utdanning til spesialist i allmennmedisin er også velkomne til å søkje.
Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
Førarkort
Vi legg stor vekt på uttale frå almennlegeutvalet, j.fr. ASA 4310. P 5.5
Personlege eigenskapar
Positiv innstilling og faglig engasjement med personlege eigenskapar som gjer deg eigna til jobben.
Ved tilsetting må du kunne legge fram ny politiattest.
Vi tilbyr
Vi tilbyr praksis ved eit stort legesenter med sterk fagleg kompetanse og godt kollegialt felleskap. Legesenteret er attraktivt og vi har godt renomme i området.
Vi har om søkt sentralt tilskot for næringsdrivande ALIS og kan tilby ALIS-avtale. Kommunen har godkjent utdanningsplan etter ny ordning og vi har vegleiar som er kursa for dette.
Listestorleik og kommunal stilling kan endrast etter avtale.
Vilkår for praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar.Sjøgata 3, 6065 Ulsteinvik, Norge
Opne vegbeskrivingKontaktinformasjon
Michael Dahl
Dagleg leiar ved Ulstein legesenter
70018989
Norunn Kirkebø Elde
Kommuneoverlege
92802357Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.