/*Menu hide on click outside*/
Published
21. April 2021
Location
Sweden
Category
City
Fosnavåg
Deadline
11. May 2021

Description

Vi søkjer ein forretningsorientert CFO som skal ha overordna ansvar for Rem si økonomiavdeling. Vår CFO vil være ein viktig bidragsytar i leiargruppa, og sentral i arbeidet med vår vidare vekst.

Vi ser etter deg som har solid økonomiforståing og sterke analytiske eigenskapar. Du har også god formidlingsevne og evnar å formidle tal og komplekse problemstillingar på ein forståeleg måte.

Ansvarsområder

  • Finansiell rapportering for konsern, samt oppfølging av datterselskap (mnd, kvartalsvis og årsrekneskap)
  • Etablere og vidareutvikle analyser og beslutningsunderlag innafor områder som verksemdsstyring, lønsemd, kapitalinnhenting og finansiering, i tillegg til likviditetsstyring
  • Budsjett- og prognoseprosess for konsern med datterselskap
  • Analyse og oppfølging av løpande prosjekt
  • Rapportering til bank (kvartalsvis og ved oppkjøp)
  • Systemeigar og ansvarleg for vedlikehald og utvikling av relevante IT- og ERP-system
  • Etablere og rapportere på relevante KPI-ar
  • Være ein utfordrar og tydeleg sparringpartnar for CEO, styreleiar og styret
  • Aktiv bidragsytar i selskapets strategiutvikling og -gjennomføring.
  • Overordna ansvar for risikostyring, inkludert styring av valutarisiko, generell finansieringsstrategi og eventuelle M&A-prosessar

Erfaring og utdanning

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Erfaring frå tilsvarande rolle, eller frå konsulentselskap med høg eksponering mot leiing/styre.
  • Erfaring med finansiell modellering
  • Avansert nivå i Excel og PowerPoint
  • Meget god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. Herunder erfaring med presentasjonar for investorar og samarbeidspartnarar
  • Solid innsikt i moderne IT- og analyseverktøy til bruk i utarbeiding av forretnings- og lønnsemdsanalyser og rapportering.
  • Erfaring og interesse med M&A er en fordel
  • Internasjonal erfaring

Personlege eigenskapar

Søkjarar må kunne kombinere kommersiell teft, økonomisk forståing og strategisk tenking med operativ handling. For å lykkast i rolla må du være utprega analytisk, men samtidig ha gode sosiale eigenskapar og ha lett for å bygge relasjonar. CFO vil representere selskapet utad i mange samanhengar og må være ein god rollemodell. Vår CFO må difor være, fagleg trygg, strukturert og løysingsorientert.

Vi tilbyr ei sentral og utviklande stilling i eit selskap i vekst. Som CFO vil du påvirke konsernets vidare utvikling gjennom å bidra til god økonomistyring, strategisk tenking og strukturerte arbeidsprosessar.

Meir informasjon om selskapet og stillinga får du av våre rådgjevarar i Mercuri Urval;

Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/ Ole Petter Bratteberg 975 59 036.

Alle førespurnader vert handsama konfidensielt, om ønskelig også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase.

Søk på mercuriurval.no snarast, og seinast 10.05.21

Related Jobs

20. September 2021
18. September 2021
17. September 2021
17. September 2021
17. September 2021
PHP Code Snippets Powered By : XYZScripts.com