/*Menu hide on click outside*/
Published
25. April 2021
Expires
15. May 2021
Location
Norway
Category
City
Norway
Page Views
35

Description

Rem Offshore AS er i vekst, og eig og driftar i dag ei moderne flåte på 11 fartøy som opererar innan olje og gass, fornybar- og seismikkmarknaden. I tillegg har vi eit nybygg innan fornybar under bygging. med solid erfaring frå offshoreindustrien.
Vår filosofi er å sikre langvarig sysselsetting for våre skip, og gjennom det redusere eksponeringa for spotmarknaden. Vi har ei av dei mest moderne flåtene i dagens marknad og vi har ein profesjonell og effektiv organisasjon med solid erfaring frå offshoreindustrien. Det er i dag 18 tilsette i administrasjonen i Fosnavåg, og vi er i stadig vekst og utvikling.
CFO Rem Offshore AS
Vi søkjer ein forretningsorientert CFO som skal ha overordna ansvar for Rem si økonomiavdeling. Vår CFO vil være ein viktig bidragsytar i leiargruppa, og sentral i arbeidet med vår vidare vekst.
Vi ser etter deg som har solid økonomiforståing og sterke analytiske eigenskapar. Du har også god formidlingsevne og evnar å formidle tal og komplekse problemstillingar på ein forståeleg måte.
AnsvarsområderFinansiell rapportering for konsern, samt oppfølging av datterselskap (mnd, kvartalsvis og årsrekneskap)Etablere og vidareutvikle analyser og beslutningsunderlag innafor områder som verksemdsstyring, lønsemd, kapitalinnhenting og finansiering, i tillegg til likviditetsstyringBudsjett- og prognoseprosess for konsern med datterselskapAnalyse og oppfølging av løpande prosjektRapportering til bank (kvartalsvis og ved oppkjøp)Systemeigar og ansvarleg for vedlikehald og utvikling av relevante IT- og ERP-systemEtablere og rapportere på relevante KPI-arVære ein utfordrar og tydeleg sparringpartnar for CEO, styreleiar og styretAktiv bidragsytar i selskapets strategiutvikling og -gjennomføring.Overordna ansvar for risikostyring, inkludert styring av valutarisiko, generell finansieringsstrategi og eventuelle M&A-prosessar
Erfaring og utdanningHøgare økonomisk utdanningErfaring frå tilsvarande rolle, eller frå konsulentselskap med høg eksponering mot leiing/styre.Erfaring med finansiell modelleringAvansert nivå i Excel og PowerPointMeget god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. Herunder erfaring med presentasjonar for investorar og samarbeidspartnararSolid innsikt i moderne IT- og analyseverktøy til bruk i utarbeiding av forretnings- og lønnsemdsanalyser og rapportering.Erfaring og interesse med M&A er en fordelInternasjonal erfaring
Personlege eigenskapar
Søkjarar må kunne kombinere kommersiell teft, økonomisk forståing og strategisk tenking med operativ handling. For å lykkast i rolla må du være utprega analytisk, men samtidig ha gode sosiale eigenskapar og ha lett for å bygge relasjonar. CFO vil representere selskapet utad i mange samanhengar og må være ein god rollemodell. Vår CFO må difor være, fagleg trygg, strukturert og løysingsorientert.
Vi tilbyr ei sentral og utviklande stilling i eit selskap i vekst. Som CFO vil du påvirke konsernets vidare utvikling gjennom å bidra til god økonomistyring, strategisk tenking og strukturerte arbeidsprosessar.
Meir informasjon om selskapet og stillinga får du av våre rådgjevarar i Mercuri Urval;
Gro Reinertsen tlf. 975 59 058/ Ole Petter Bratteberg 975 59 036.
Alle førespurnader vert handsama konfidensielt, om ønskelig også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase.
Søk på mercuriurval.no snarast, og seinast 10.05.21

Mer informasjon om stillingen
Sted
Mjølstadnesvegen 24 , 6092 FOSNAVÅG
Ansettelsesform
Fast
Heltid/deltid
Heltid
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
For ytterligere opplysninger kontakt
Rådgjevarar Mercuri Urval
Gro Reinertsen
975 59 058
Rådgjevarar Mercuri Urval
Ole Petter Bratteberg
975 59 036
Stillingsinformasjon
Tittel
CFO Rem Offshore AS
Kategori
Administrasjon, Personal og Økonomi
Økonomi og regnskapArbeidstid
Heltid
Arbeidssted
Norge, Møre og Romsdal, Herøy (m.r.)Søknadsfrist
10 mai 2021

Related Jobs

19. December 2020
19. December 2020
19. December 2020