/*Menu hide on click outside*/
Published
3. May 2021
Expires
23. May 2021
Location
Sweden
Category
City
Ulsteinvik
Page Views
0

Description

Ulstein kommune har fem grunnskular. Her kan du lese om skulane.
For skuleåret 2021/2022 kan det bli ledig stillingar som barne- og ungdomsarbeidar.
Behovet vil vere avhengig av antal permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildeling. Faste stillingar og vikariat. Stillingsbehovet kan endre seg.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
For alle stillingane vert det stilt krav om politiattest av ny dato.Søknadsfrist:
17.05.2021
Arbeidsgivar:
Oppvekst og kulturetaten
Stillingstittel:
Barne- og ungdomsarbeidar

Heiltid / Deltid:
Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform:
Fast, Vikar
Stillingsprosent:
100, 80
Webcruiter-ID:
4380514936

Alle arbeidsoppgåver som naturleg ligg til barne- og ungdomsarbeidarfaget på grunnskule.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
Anna relevant utdanning kan kompensere for manglande fagbrev
Erfaring frå arbeid med barn
Evne til å kommunisere godt med elevar, føresette og kollegaer
Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Evne til å kunne identifisere deg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:
Nyskaping – Omsorg – Rausheit - Mangfald
Personlege eigenskapar
Positiv, engasjert og initiativrik
Robust, raus og varm
Trygg og tydeleg
Gode samarbeidsevner
Personleg eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
Varierande og spennande arbeidsoppgåver
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik, Norge
Opne vegbeskrivingKontaktinformasjon
Vegard Sæter Gurskevik
Skulesjef
99352728Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.