/*Menu hide on click outside*/
Published
7. May 2021
Expires
27. May 2021
Location
Norway
Category
City
Norway
Page Views
0

Description

Org. nr: 974571188 Stillingsident: 4387406252 Presentasjon av stillingen:
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for maritime- og marine utdanningsprogram. Ansvar for andre utdanningsprogram på yrkesfag kan også bli tillagt stillinga. Til stillinga kan det bli tillagt noe undervisning.
Arbeidsoppgåver
leie avdelinga og ha personalansvar for tilsette som underviser på yrkesfag
utvikle skulen i samsvar med fagfornyinga som startar hausten 2020
stimulere til fagleg- og pedagogisk samarbeid og utvikling
følgje opp tiltak frå planar og styringsdokument
følgje opp elevane sitt læringsmiljø og resultat
Kvalifikasjonar
relevant yrkesutdanning eller høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet
praktisk-pedagogisk utdanning
undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
undervisningserfaring frå vidaregåande skule
relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
Personlege eigenskapar
tydeleg leiar med open og inkluderande leiarstil
evne til å leie, inspirere og motivere
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
god til å planlegge og organisere ulike oppgåver
utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt og inkluderande fagmiljø
Gode vilkår for fagleg utvikling
Løn etter avtale
Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Åsta Navelsaker Røed, rektor , 41530837, aasta.navelsaker.roed@vlfk.no
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 9109

6718 Deknepollen
Søk på stillinga: Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4387406252

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.05.2021